Your browser is too old and it is not supported.

Direktør

About company

Stiftinga Museumssenteret i Hordaland (MuHo)  er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid. Arbeidet er knytt til kulturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie,  samferdsle, migrasjon og kulturmøteproblematikk i fortid og notid. Vi utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.
Museumssenteret i Hordaland (MuHo) har tre avdelingar lokalisert i Salhus, på Lygra, Osterøy og Radøy; Bevaringstenestene, Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter og Nordhordlandsavdelinga der du finn Havrå, Lyngheisenteret, Osterøy museum/Kulturverntenesta i Nordhordland og Vestnorsk Utvandringssenter. MuHo har god økonomi og har 44 fast tilsette. I sommarsesongen er talet på tilsette dobla.

Basic information
Basic information
Location(s):
Salhus
Employer:
Museumssenteret i Hordaland (MuHo)
Deadline:
24/09/2018
Should you have any questions, please contact
circle overlay
Jon Gjerde
+47 958 44 394
jon.gjerde@visindi.no
circle overlay
Rasmus Haugen Sandvik
+47 473 02 152
rasmus.haugen.sandvik@visindi.no

Direktør

Stiftinga Museumssenteret i Hordaland (MuHo)  er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid. Arbeidet er knytt til kulturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie,  samferdsle, migrasjon og kulturmøteproblematikk i fortid og notid. Vi utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.
Museumssenteret i Hordaland (MuHo) har tre avdelingar lokalisert i Salhus, på Lygra, Osterøy og Radøy; Bevaringstenestene, Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter og Nordhordlandsavdelinga der du finn Havrå, Lyngheisenteret, Osterøy museum/Kulturverntenesta i Nordhordland og Vestnorsk Utvandringssenter. MuHo har god økonomi og har 44 fast tilsette. I sommarsesongen er talet på tilsette dobla.

Vi søkjer ein tydeleg leiar for ein av dei fremste kulturberarane i Hordaland.

MuHo er ein organisasjon i utvikling som har spanande oppgåver, der kultur- og merkevarebygging vil stå i fokus.

Vi ser etter ein trygg leiar som vil vera med å vidareutvikla eit godt fagmiljø, har kommersiell teft og trivst med å representere musea i det offentlege. Erfaring frå kultursektoren er ein fordel.

Direktøren har det overordna ansvaret for å utvikle verksemda.

Hovudoppgåver

  • Leie og utvikle organisasjonen
  • Sørgje for målretta og effektiv drift, påliteleg økonomisk styring og rapportering
  • Utvikle museet strategisk, både med tanke på fagleg og kommersiell utvikling.
  • Sikre gode vilkår gjennom påverknadsarbeid
  • Vere museet sin talsperson i storsamfunnet, i media og i andre samanhengar
  • Rapportere til styret

Kontorstad er Salhus og kandidatar må disponere eigen bil.

For spørsmål om stillinga, kontakt Visindi v/Jon Gjerde på tlf. 958 44 394, Hege Rødland på tlf. 916 17 560 eller Rasmus Haugen Sandvik på tlf. 473 02 152. Send søknad med CV innan 24. september 2018. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgjevar.