Your browser is too old and it is not supported.

Kommunalsjef Omsorg

About company

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv.  Me brukar innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Organisasjonen Time kommune har om lag 1170 årsverk. Time kommune har 18 700 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter.

Bryne er byen på Jæren og er kommune- og skulesenter i Time kommune. Regionssenteret Bryne er drivkraft for næring, læring og kultur, og det er lett å koma hit. Med toget tek det 30 minutt frå Stavanger, 15 minutt frå Sandnes stasjon og 35 minutt frå Eigersund.

Les meir på www.time.kommune.no

Basic information
Basic information
Location(s):
Bryne
Employer:
Time kommune
Deadline:
31/01/2018
Should you have any questions, please contact
circle overlay
Silje Finnskog Jensen
+47 473 04 857
silje.finnskog.jensen@visindi.no
circle overlay
Stig Finnerud
+47 913 39 600
stig.finnerud@visindi.no

Kommunalsjef Omsorg

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv.  Me brukar innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Organisasjonen Time kommune har om lag 1170 årsverk. Time kommune har 18 700 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter.

Bryne er byen på Jæren og er kommune- og skulesenter i Time kommune. Regionssenteret Bryne er drivkraft for næring, læring og kultur, og det er lett å koma hit. Med toget tek det 30 minutt frå Stavanger, 15 minutt frå Sandnes stasjon og 35 minutt frå Eigersund.

Les meir på www.time.kommune.no

Endringsvillig og synleg leiar for omsorg som møter framtidige utfordringar

Time kommune er ein kommune i utvikling, og søkjer ein endringsvillig og synleg leiar som vil vera ein pådrivar i vidareutviklinga av kommunen. Kommunalsjefen utgjer, saman med rådmannen og dei andre kommunalsjefane og stabssjefane, kommunen si toppleiargruppe.

Omsorg gjev tenester til alle med behov for pleie- og omsorgstenester delt inn i fire tenesteiningar; institusjon, heimetenesta, miljøtenesta samt psykisk helse og rusarbeid. Teknologi og nye krav til omsorgstenester er i endring, og kommunen må vær i stand til å møta framtidige utfordringar. Kommunalsjefen har som overordna oppgåve å sikre at styringa av tenestene blir heilskapleg og samordna.

Følgjande oppgåver vil vera viktige:

  • Arbeida med kvalitativ strategisk utvikling og leggje til rette for at tenesteleiarane kan følgje dette opp gjennom si operative leiing
  • Leggja til rette saker for politisk behandling
  • Utarbeida og følgja opp resultatkrava i tenesteeininga
  • Økonomisk oppfølging
  • Arbeida med endringsleiing, organisasjonskultur, medarbeidarutvikling og internkommunikasjon
  • Innovasjon- og tenesteutvikling, samt organisasjonsmessig kompetanseutvikling, setja kvalitetsmål og ta initiativ til brukardialog
  • Utarbeida effektive tiltak for omstillingsprosjektar i kommunen, eks arbeidstidsordningar

Me søkjer ein tydeleg, robust og handlekraftig kommunalsjef med svært gode relasjonelle evnar, som motiverer dei dyktige tenesteleiarane og som har evne til strategisk tenking. Leiarkandidatar må ha relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, erfaring frå helse-, levekår- eller omsorgstenestar og erfaring med å leia leiarar. Kommunal erfaring vil bli vektlagt. Du har ei leiarframferd der du klarer å byggja tillit i eiga avdeling, samstundes som nødvendige organisasjonsmessige utviklingstiltak vert gjennomført. Du har evne til å sjå heilskapen, du opptrer med respekt i forhold til folkevalde og medarbeidarar, og har gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg.

Tenestene er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
Omsorg har laga filmen “Dei gode augneblikka” der du kan bli meir kjend med tenestene og nokre av dei som jobbar her.

 

Me gjer merksam på at prosessen vert gjort i samsvar med offentlegheitslova § 25.
Søknad med CV sendast via ”stillinger” på visindi.no.

 

Alle som tek kontakt med Visindi vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgjevar fram til søknadsfrist.