Nettleseren din er for gammel, og er ikke støttet.

Einingsleiar samfunnsutvikling

Om firma

Vaksdal er ein kommune som ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Vaksdal kommune har eit areal på 738 km², er 5. største på areal i Hordaland fylke og har omlag 4100 innbyggjarar. Naturen i Vaksdal varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv. Vaksdal kommune sin visjon er «Vaksdal kommune – bynært bygdeliv», med tilhøyrande kjerneverdiar: Nyskapande, Open, Samhald.

 

Nøkkelinformasjon
Nøkkelinformasjon
Sted(er):
Dalekvam
Vaksdal kommune
Arbeidsgiver:
Vaksdal kommune
Frist:
21/10/2018
For spørsmål om stillingen, kontakt
circle overlay
Hege Solbakken
+47 911 04 141
hege.solbakken@visindi.no
circle overlay
Jon Gjerde
+47 958 44 394
jon.gjerde@visindi.no

Einingsleiar samfunnsutvikling

Vaksdal er ein kommune som ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Vaksdal kommune har eit areal på 738 km², er 5. største på areal i Hordaland fylke og har omlag 4100 innbyggjarar. Naturen i Vaksdal varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv. Vaksdal kommune sin visjon er «Vaksdal kommune – bynært bygdeliv», med tilhøyrande kjerneverdiar: Nyskapande, Open, Samhald.

 

Strategisk og initiativsterk leiar til å vidareutvikla kommunen

Vaksdal kommune har store ambisjonar for nye prosjekt og søkjer nå ein strategisk leiar til å leia området samfunnsutvikling i kommunen. Som einingsleiar samfunnsutvikling vil du få ansvaret for å sikra strategisk utvikling av samfunn, næring, by, nærmiljø og infrastruktur. Dette omfattar leiing av store investeringsprosjekt og å sørga for at dei strategiske grepa vert gjennomførte.

Eininga har ansvar for plan og kultur i tillegg til forvaltning, drift og vedlikehald av bygg- og eigedomsmassen i kommunen. Stillinga vil rapportera til rådmann Trine Grønbech.

Den rette kandidaten jobbar systematisk med å utvikla medarbeidarane i eininga og byggjer kvalitet, system og fokus på kontinuerleg forbetring i drifta. Vi ser etter deg som er genuint interessert i å utvikla og levera gode tenester til innbyggjarane. Du har erfaring frå prosjektstyring og har vist høg evne til å vera drivkrafta i prosjekt frå avgjerd til gjennomføring. Du bør ha innsikt i strategisk planarbeid og implementering, og ha erfaring frå budsjettarbeid og økonomistyring. Du har eit godt nettverk og gjerne innsikt i eller erfaring frå næringsutvikling. Fortrinnsvis har du erfaring frå kommunal sektor. Stor innsikt i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon kan vega opp for dette.

Vi forventar at du er resultatorientert og at du jobbar systematisk med å utvikla fagområdet, som har ei brei grenseflate internt og eksternt. Det føreset svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og interesse for rammene rundt kommunal forvaltning og rolledelinga mellom politikk og administrasjon.

Erfaring frå endringsprosessar, utviklingsarbeid og prosjektstyring vil verte vektlagt. Du skapar eit godt arbeidsmiljø og er ei synleg drivkraft som byggjer vinn-vinn løysingar og alliansar. Den som får rolla må ha stayerevne og gjennomføringskraft i lengre prosessar. Det er ynskjeleg med høgare utdanning.

 

For meir informasjon om stillinga kontakt Visindi ved Hege Solbakken på tlf. 911 04 141 eller Jon Gjerde på tlf. 958 44 394. All kontakt vil verta handsama konfidensielt, om ynskjeleg og overfor oppdragsgjevar i innleiande fase. Søknaden skal sendast via «stillingar» på Visindi.no snarast og seinast innan 21. oktober 2018. Stillinga er omfatta av Offentleglova. Søkjaren vil alltid bli kontakta på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.