Nettleseren din er for gammel, og er ikke støttet.

Leiar for drift og vedlikehald

Om firma

Kommunane Lindås, Meland og Radøy i Nordhordland skal slå seg saman til Alver kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen får nærare 30.000 innbyggjarar og ca 2500 tilsette. Knarvik blir kommunesenter. Arbeidet med å byggje den nye kommunen er starta, og i 2018 og 2019 blir det jobba med å etablere den nye organisasjonen. I intensjonsavtalen er det lagt vekt på at den nye kommunen skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggja fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling.

Nøkkelinformasjon
Nøkkelinformasjon
Sted(er):
Lindås
Arbeidsgiver:
Alver kommune
Frist:
17/08/2018
For spørsmål om stillingen, kontakt
circle overlay
Hege Solbakken
+47 911 04 141
hege.solbakken@visindi.no
circle overlay
Knut Nils Kvammen Eide
+47 916 56 107
knut.eide@visindi.no
circle overlay
Rasmus Haugen Sandvik
+47 473 02 152
rasmus.haugen.sandvik@visindi.no

Leiar for drift og vedlikehald

Kommunane Lindås, Meland og Radøy i Nordhordland skal slå seg saman til Alver kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen får nærare 30.000 innbyggjarar og ca 2500 tilsette. Knarvik blir kommunesenter. Arbeidet med å byggje den nye kommunen er starta, og i 2018 og 2019 blir det jobba med å etablere den nye organisasjonen. I intensjonsavtalen er det lagt vekt på at den nye kommunen skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggja fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling.

Alver kommune søkjer ein strategisk leiar til å byggje opp ei nøkkeleining i den nye storkommunen i Norhordland. Den rette kandidaten jobbar systematisk med å utvikle medarbeidarane i den nye eininga og byggjer kvalitet, system og fokus på kontinuerleg forbetring i drifta. Vi ser etter deg som er genuint interessert i å utvikle og levere gode tenester til innbyggjarane.

Den nye eininga vil ha om lag 160 tilsette inkludert deltidsstillingar som forvaltar, driftar og vedlikeheld bygg- og eigedomsmassen i den nye kommunen. Stillinga vil rapportere til kommunalsjef Anny Bastesen.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Leie samanslåinga av drifts- og vedlikehaldsorganisasjonane
  • Dimensjonere tenester og kompetanse i den nye eininga
  • Identifisere og implementere beste praksis for drift og vedlikehald
  • Systematisk kvalitetsoppfølgjing og etterleving
  • Personal- og økonomiansvar

Vi ser etter deg som har erfaring frå å leie ein driftsorganisasjon. Erfaring frå endringsprosessar, utviklingsarbeid og prosjektstyring vil verte vektlagt. Du skapar eit godt arbeidsmiljø og er ei synleg drivkraft som byggjer gode relasjonar og alliansar gjennom god og konsistent kommunikasjon.

Den som går inn i rolla vil først bli tilsett i Lindås kommune som Leiar for drift og vedlikehald med ansvaret for å leie samanslåinga av drifts- og vedlikehaldsavdelingane i Radøy, Meland og Lindås og etablere ei sams avdeling. Frå 1.1 2020 vil du verte Leiar for drift og vedlikehald i Alver kommune.

For meir informasjon om stillinga sjå Visindi.no, eller kontakt Visindi ved Hege Solbakken på 911 04 141 eller Knut Eide på 916 56 107. All kontakt vil bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg og overfor oppdragsgjevar i innleiande fase. Søknaden skal sendast på Visindi.no snarast og seinast innan 17. august 2018. Stillinga er omfatta av Offentleglova. Søkjaren vil alltid bli kontakta på førehand dersom søkjarlista blir offentleggjort.