Nettleseren din er for gammel, og er ikke støttet.

Leiar for næring og utvikling i Alver kommune

Om firma

Kommunane Lindås, Meland og Radøy i Nordhordland skal slå seg saman til Alver kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen får nærare 30.000 innbyggjarar og ca 2500 tilsette. Knarvik blir kommunesenter. Arbeidet med å byggje den nye kommunen er starta, og i 2018 og 2019 blir det jobba med å etablere den nye organisasjonen. I intensjonsavtalen er det lagt vekt på at den nye kommunen skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggja fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling.

Nøkkelinformasjon
Nøkkelinformasjon
Sted(er):
Lindås
Arbeidsgiver:
Alver kommune
Frist:
17/08/2018
For spørsmål om stillingen, kontakt
circle overlay
Hege Solbakken
+47 911 04 141
hege.solbakken@visindi.no
circle overlay
Knut Nils Kvammen Eide
+47 916 56 107
knut.eide@visindi.no
circle overlay
Rasmus Haugen Sandvik
+47 473 02 152
rasmus.haugen.sandvik@visindi.no

Leiar for næring og utvikling i Alver kommune

Kommunane Lindås, Meland og Radøy i Nordhordland skal slå seg saman til Alver kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen får nærare 30.000 innbyggjarar og ca 2500 tilsette. Knarvik blir kommunesenter. Arbeidet med å byggje den nye kommunen er starta, og i 2018 og 2019 blir det jobba med å etablere den nye organisasjonen. I intensjonsavtalen er det lagt vekt på at den nye kommunen skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggja fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling.

strategisk – nytenkjande – gjennomføringskraft

Alver kommune søkjer ein strategisk leiar til å byggje opp området for næring og utvikling i den nye storkommunen i Nordhordland. Området næring og utvikling vil få ansvaret for å sikre strategisk utvikling av samfunn, næring, by, nærmiljø og infrastruktur. Ein sentral del av arbeidet blir å følgje opp nasjonal, regional og lokal utviklingspolitikk. Næring og utvikling er eit tenesteområde i sektoren samfunnsutvikling, og leiar vil mellom anna jobbe tett saman med plansjef og kultursjef i sektoren. Leiar for næring og utvikling rapporterer til leiar for Samfunnsutvikling i Alver kommune, Hogne Haugsdal.

Den rette kandidaten er nytenkjande og visjonær og har vist evne til å vere drivkrafta i prosjekt frå ide til gjennomføring. Ein bør ha innsikt i strategisk planarbeid og implementering, og ha erfaring frå prosjektstyring, budsjettarbeid og økonomistyring. Du har eit godt nettverk i næringslivet, kommersiell forståing og innsikt i eller erfaring frå næringsutvikling,

Vi forventar at du er resultatorientert og at du jobbar systematisk med å utvikle det nye området, som får ei brei grenseflate internt og eksternt. Det føreset svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og interesse for rammene rundt kommunal forvaltning og rollefordelinga mellom politikk og administrasjon.

Erfaring frå endringsprosessar, utviklingsarbeid og prosjektstyring vil verte vektlagt. Du skapar eit godt arbeidsmiljø og er ei synleg drivkraft som byggjer vinn-vinn løysingar og alliansar. Den som får rolla må ha stayerevne og gjennomføringskraft i lengre prosessar. Samtidig må ein vere «på», ha teft og ofte ta pådrivarrolla for nye initiativ.

Den som går inn i rolla vil først bli tilsett i Lindås kommune som Leiar for næring og utvikling, med ansvaret for å leie samanslåinga av fagområda i Radøy, Meland og Lindås. Frå 1.1 2020 vil du verte Leiar for næring og utvikling i Alver kommune.

For meir informasjon om stillinga kontakt Visindi ved Hege Solbakken på 911 04 141 eller Knut Eide på 916 56 107. All kontakt vil bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg og overfor oppdragsgjevar i innleiande fase. Søknaden skal sendast snarast og seinast innan 17. august 2018. Stillinga er omfatta av Offentleglova. Søkjaren vil alltid bli kontakta på førehand dersom søkjarlista blir offentleggjort.