Nettleseren din er for gammel, og er ikke støttet.

Personalleiar

Om firma

Stiftinga Museumssenteret i Hordaland (MuHo)  er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid. Arbeidet er knytt til kulturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie,  samferdsle, migrasjon og kulturmøteproblematikk i fortid og notid. Vi utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.
Museumssenteret i Hordaland (MuHo) har tre avdelingar lokalisert i Salhus, på Lygra, Osterøy og Radøy; Bevaringstenestene, Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter og Nordhordlandsavdelinga der du finn Havrå, Lyngheisenteret, Osterøy museum/Kulturverntenesta i Nordhordland og Vestnorsk Utvandringssenter. MuHo har god økonomi og har 44 fast tilsette. I sommarsesongen er talet på tilsette dobla.

Nøkkelinformasjon
Nøkkelinformasjon
Sted(er):
Salhus
Arbeidsgiver:
Museumssenteret i Hordaland (MuHo)
Frist:
24/09/2018
For spørsmål om stillingen, kontakt
circle overlay
Jon Gjerde
+47 958 44 394
jon.gjerde@visindi.no
circle overlay
Rasmus Haugen Sandvik
+47 473 02 152
rasmus.haugen.sandvik@visindi.no

Personalleiar

Stiftinga Museumssenteret i Hordaland (MuHo)  er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid. Arbeidet er knytt til kulturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie,  samferdsle, migrasjon og kulturmøteproblematikk i fortid og notid. Vi utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.
Museumssenteret i Hordaland (MuHo) har tre avdelingar lokalisert i Salhus, på Lygra, Osterøy og Radøy; Bevaringstenestene, Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter og Nordhordlandsavdelinga der du finn Havrå, Lyngheisenteret, Osterøy museum/Kulturverntenesta i Nordhordland og Vestnorsk Utvandringssenter. MuHo har god økonomi og har 44 fast tilsette. I sommarsesongen er talet på tilsette dobla.

Bli med på å utvikle og trygge menneska som forvaltar historiene i Hordaland.

Den noverande personalleiaren skal gå av med pensjon, og vi søkjer etter ein etterfølgjar. Personalleiaren har ei viktig rolle i den strategiske og heilskaplege utviklinga av Museumssenteret.

Den rette personen har erfaring med både operativt og strategisk HR-arbeid, har god systemforståing og motiverer og utviklar andre. Fleksibilitet og gode kommunikasjonsevner er også viktige føresetnader.

Hovudoppgåver

  • Strategisk utvikling og implementering innanfor HR-feltet
  • Skape felles kultur i organisasjonen
  • Personaladministrasjon, her under personalpolitikk, personalforvaltning, lønsarbeid og rapportering
  • Fylgje opp lover og forskrifter, avtalar og personalforsikringar
  • Dialog med tillitsvalde
  • Ansvarleg for HMS i verksemda
  • Utvikling av leiarar i organisasjonen
  • Innarbeide moderne IKT-løysingar ved behov

Kontorstad er Salhus og kandidatar må disponere eigen bil.

For spørsmål om stillinga, kontakt Visindi v/Jon Gjerde på tlf. 958 44 394, Hege Rødland på tlf. 916 17 560 eller Rasmus Haugen Sandvik på tlf. 473 02 152. Send søknad med CV innan 24. september 2018. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgjevar.