Nettleseren din er for gammel, og er ikke støttet.

Plansjef

Om firma

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv.  Me brukar innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Organisasjonen Time kommune har om lag 1170 årsverk. Time kommune har 18 700 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter.

Bryne er byen på Jæren og er kommune- og skulesenter i Time kommune. Regionssenteret Bryne er drivkraft for næring, læring og kultur, og det er lett å koma hit. Med toget tek det 30 minutt frå Stavanger, 15 minutt frå Sandnes stasjon og 35 minutt frå Eigersund.

Les meir på www.time.kommune.no

Nøkkelinformasjon
Nøkkelinformasjon
Sted(er):
Bryne
Arbeidsgiver:
Time kommune
Frist:
19/02/2018
For spørsmål om stillingen, kontakt
circle overlay
Silje Finnskog Jensen
+47 473 04 857
silje.finnskog.jensen@visindi.no
circle overlay
Stig Finnerud
+47 913 39 600
stig.finnerud@visindi.no

Plansjef

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv.  Me brukar innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Organisasjonen Time kommune har om lag 1170 årsverk. Time kommune har 18 700 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter.

Bryne er byen på Jæren og er kommune- og skulesenter i Time kommune. Regionssenteret Bryne er drivkraft for næring, læring og kultur, og det er lett å koma hit. Med toget tek det 30 minutt frå Stavanger, 15 minutt frå Sandnes stasjon og 35 minutt frå Eigersund.

Les meir på www.time.kommune.no

Utviklingsorientert leiar som vil vera med å byggja byen Bryne!

 

Me søkjer ein tillitsbyggjande og utviklingsorientert plansjef som ønskjer ei sentral rolle som pådrivar og tilretteleggjar for utviklinga av plan, by og samfunn i Time kommune.

Time kommune står framfor ei tid med spennande utvikling. Ny samfunnsplan for kommunen og ny sentrumsplan for Bryne skal setjast i verk, i samskapning med innbyggjarar og næringsliv. Kommunen sin nye smartbystrategi har ambisjonar for utvikling av ein smart kommune og ein smart by.

Plansjef får leiaransvar for seks tilsette i avdelinga, og inngår i kommunalsjef Samfunn si leiargruppe. Som plansjef får du ansvar for samfunns-, by- og sentrumsutvikling, planlegging av utbyggingsområde, revidering av overordna kommuneplanar, samt samferdsels- og energiplanarbeid. Utviklinga av kommunen skal skje i samskapning med interne og eksterne samarbeidspartar, og planjef vil fungera som bindeledd mellom lokalsamfunnet, næringsliv, folkevalde og eksterne konsulentar. Det er avgjerande å lykkast med eit godt samarbeid med utbyggjarar og annan næringsutvikling i kommunen.

Den me søkjer er ein relasjonell og handlekraftig planjef med sterk interesse for og kunnskap om by- og samfunnsutvikling. Du har svært gode samarbeidsevner, motiverer dyktige tilsette, er løysingsorientert og som har evne til å byggja gode relasjonar. Leiarkandidatar må ha relevant utdanning frå høgskule eller universitet, erfaring og kompetanse frå planarbeid, samt kompetanse på leiarskap. Du må også vise til interesse for arbeid med smartbyutvikling og innovasjon. For å lykkast i rolla har du ei framferd der du klarer å byggja tillit med alle interne og eksterne samarbeidspartar, samstundes som nødvendig endring og omstilling vert gjennomført. Du opptrer med respekt i forhold til lokale folkevalde og medarbeidarar, og har gode norske kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg.

 

Me gjer merksam på at prosessen vert gjort i samsvar med offentlegheitslova § 25.
Søknad med CV sendast via visindi.no.

Alle som tek kontakt med Visindi vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgjevar fram til søknadsfrist.