Nettleseren din er for gammel, og er ikke støttet.

Rådmann

Om firma

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv.  Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Organisasjonen Time kommune har om lag 1170 årsverk. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter.

Bryne er byen på Jæren og er kommune- og skulesenter i Time kommune. Regionssenteret Bryne er drivkraft for næring, læring og kultur, og det er lett å koma hit. Med toget tek det 30 minutt frå Stavanger, 15 minutt frå Sandnes stasjon og 35 minutt frå Eigersund.

Les meir på www.time.kommune.no

Nøkkelinformasjon
Nøkkelinformasjon
Sted(er):
Bryne
Arbeidsgiver:
Time kommune
Frist:
21/08/2017
For spørsmål om stillingen, kontakt
circle overlay
Silje Finnskog Jensen
+47 473 04 857
silje.finnskog.jensen@visindi.no
circle overlay
Stig Finnerud
+47 913 39 600
stig.finnerud@visindi.no

Rådmann

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv.  Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Organisasjonen Time kommune har om lag 1170 årsverk. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter.

Bryne er byen på Jæren og er kommune- og skulesenter i Time kommune. Regionssenteret Bryne er drivkraft for næring, læring og kultur, og det er lett å koma hit. Med toget tek det 30 minutt frå Stavanger, 15 minutt frå Sandnes stasjon og 35 minutt frå Eigersund.

Les meir på www.time.kommune.no

Trygg og framtidsretta toppleiar for ein drivkraftig kommune

 

Time kommune er ein kommune i sterk utvikling og vekst, og søkjer ein trygg og framtidsretta rådmann som vil vera ein pådrivar i vidareutviklinga av kommunen. Kommunen har ansvar for lokaldemokrati, samfunnsutvikling og tenester, og utviklar desse gjennom innovasjon og dialog med innbyggjarar og næringslivet i kommunen.

Rådmannen er øvste leiar for den samla kommunale administrasjonen, og skal styrkja kommunen si rolle som samfunnsutviklar. Det er og viktig å rusta kommunen for framtida gjennom tydeleg samfunnsutvikling, økonomistyring og smart tenesteutvikling. Me søkjer ein innovativ og inkluderande rådmann med svært gode samarbeidsevner, som motiverer gjennom klåre mål, tydelege prioriteringar og involvering av dyktige medarbeidarar, og som samarbeider godt med politikarar, nabokommunar og regionale og nasjonale etatar.

Leiarkandidatar må ha høgare utdanning frå høgskule eller universitet, erfaring frå endringsleiing og med å ha leia leiarar. Rådmannsrolla krev god kjennskap til kommunal sektor og politiske prosessar. Ein må ha god innsikt i rollefordelinga mellom politisk nivå og administrasjon, samt ha gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg.

 

Alle som vender seg til Visindi vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgjevar fram til søknadsfrist.

Vi gjer merksam på at prosessen vert gjort i samsvar med offentlegheitslova § 25.
Søknad med CV sendes via ”stillinger” på visindi.no