Nettleseren din er for gammel, og er ikke støttet.

Rådmann

Om firma

Austrheim kommune

Austrheim kommune ligg vakkert og sentralt plassert på kysten i det nye Vestland fylke, med Mongstad som viktig arbeidsplass. Kommunen har 2902 innbyggjarar og 258 tilsette.  Austrheim er ein kompakt kommune med sjukeheim, to 1-10 skular, to kommunale barnehagar og eit godt idrettsanlegg. Det er også vidaregåande skule i kommunen. Kommunens verdiar er tydeleg, ansvarleg og raus.

Nøkkelinformasjon
Nøkkelinformasjon
Sted(er):
Austrheim
Arbeidsgiver:
Austrheim kommune
Frist:
13/06/2018
For spørsmål om stillingen, kontakt
circle overlay
Hege Solbakken
+47 911 04 141
hege.solbakken@visindi.no
circle overlay
Knut Nils Kvammen Eide
+47 916 56 107
knut.eide@visindi.no
circle overlay
Rasmus Haugen Sandvik
+47 473 02 152
rasmus.haugen.sandvik@visindi.no

Rådmann

Austrheim kommune

Austrheim kommune ligg vakkert og sentralt plassert på kysten i det nye Vestland fylke, med Mongstad som viktig arbeidsplass. Kommunen har 2902 innbyggjarar og 258 tilsette.  Austrheim er ein kompakt kommune med sjukeheim, to 1-10 skular, to kommunale barnehagar og eit godt idrettsanlegg. Det er også vidaregåande skule i kommunen. Kommunens verdiar er tydeleg, ansvarleg og raus.

Eit livskraftig kystsamfunn, kjend for havsport, med pulserande tettstad og aktive bygder.

Austrheim kommune søkjer ein innovativ, handlekraftig og strategisk rådmann som vil vere ein pådrivar i vidareutviklinga av kommunen. Vi ser etter ein resultatorientert toppleiar som kan motivere dyktige medarbeidarar, og som samarbeider godt med næringsliv, fagrørsla, nabokommunar og andre offentlege instansar for å sikra eit godt tenestetilbod til innbyggjarane i både kommunen og regionen.

Austrheim har skatteinngang på landsgjennomsnittet, men likevel ein utfordrande økonomisk situasjon. Ei særleg sentral oppgåve for den nye rådmannen blir å ruste kommunen for framtida gjennom tydeleg økonomistyring, etablering av mål- og styringssystem og smart tenesteutvikling.

Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar. Kandidatar må ha høgare utdanning og god økonomisk kompetanse. Gode leiareigenskapar vil verte tungt vektlagt. I tillegg må ein ha kjennskap til kommunal sektor og politiske prosessar.

Tiltreding 1. oktober, eller etter nærare avtale.

For spørsmål, kontakt ordførar i Austrheim Per Lerøy på tlf. 945 06 747 eller Visindi ved Hege Solbakken på tlf. 911 04 141, Knut Eide på tlf. 916 56 107 eller Rasmus Haugen Sandvik på tlf. 473 02 152. Stillinga er omfatta av Offentleglova. Send søknad med CV innan 13. juni 2018. Alle spørsmål vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgjevar.