Nettleseren din er for gammel, og er ikke støttet.

Råvare- og logistikksjef

Om firma

Hordafor AS – berekraft i praksis

Hordafor er den leiande aktøren i å utnytte biprodukt frå oppdrettsnæringa slik at heile fisken vert nytta.  Visjonen til selskapet er å vere «globalt føretrukken innan bearbeiding av marine biprodukt», der avfall i ei næring vert ressurs i ei anna næring. Hordafor konsern omsette for om lag 770 millionar i 2016.

Hordafor sin forretningsidé er å utnytte biprodukt frå oppdrettsnæringa. Hordafor er berekraft i praksis og eit godt døme på sirkulær økonomi, der avfall i ei næring blir omdanna til ressurs i ei anna næring. Hordafor bidreg til at heile fisken vert nytta. Biprodukt frå fiskeri blir omdanna til ingrediensar i fiskefor til oppdrettsnæringa. Biprodukt frå oppdrettsnæringa vert omdanna til lakseolje og proteinkonsentrat som er ingrediensar i fôrproduksjon til landbruk og oppdrettsnæring i Noreg og internasjonalt. Hordafor AS er morselskap i eit konsern som inkluderer fleire heil- og deleigde dotterselskap. Selskapet har produksjon og forretningsadresse på Salthella i Austevoll kommune, samt administrasjonskontor i Bergen.

Nøkkelinformasjon
Nøkkelinformasjon
Sted(er):
Austevoll
Bergen
Arbeidsgiver:
Hordafor AS
Frist:
Snarest
For spørsmål om stillingen, kontakt
circle overlay
Hege Solbakken
+47 911 04 141
hege.solbakken@visindi.no
circle overlay
Knut Nils Kvammen Eide
+47 916 56 107
knut.eide@visindi.no
For spørsmål om stillinga, kontakt Visindi ved Hege Solbakken, tlf. 911 04 141, Knut Eide, tlf. 916 56 107 eller Cathrine Rieber, tlf. 994 19 343. Send søknad med CV via ”stillinger” på Visindi.no innan 20.6.2017.

Råvare- og logistikksjef

Hordafor AS – berekraft i praksis

Hordafor er den leiande aktøren i å utnytte biprodukt frå oppdrettsnæringa slik at heile fisken vert nytta.  Visjonen til selskapet er å vere «globalt føretrukken innan bearbeiding av marine biprodukt», der avfall i ei næring vert ressurs i ei anna næring. Hordafor konsern omsette for om lag 770 millionar i 2016.

Hordafor sin forretningsidé er å utnytte biprodukt frå oppdrettsnæringa. Hordafor er berekraft i praksis og eit godt døme på sirkulær økonomi, der avfall i ei næring blir omdanna til ressurs i ei anna næring. Hordafor bidreg til at heile fisken vert nytta. Biprodukt frå fiskeri blir omdanna til ingrediensar i fiskefor til oppdrettsnæringa. Biprodukt frå oppdrettsnæringa vert omdanna til lakseolje og proteinkonsentrat som er ingrediensar i fôrproduksjon til landbruk og oppdrettsnæring i Noreg og internasjonalt. Hordafor AS er morselskap i eit konsern som inkluderer fleire heil- og deleigde dotterselskap. Selskapet har produksjon og forretningsadresse på Salthella i Austevoll kommune, samt administrasjonskontor i Bergen.

Då råvare- og logistikksjef gjennom åtte år har valt å søkje nye utfordringar, er ei særdeles spanande rolle i oppdrettsnæringa ledig. Stillinga er sentral i selskapet, og har ansvaret for innkjøp av råvarer samt det overordna ansvaret for logistikken.

Sentrale arbeidsoppgåver i rolla er innkjøp av råvarer, forhandlingar og relasjonsbygging med noverande og potensielle leverandørar.  Det inngår i rolla eit overordna ansvar for logistikken i selskapet. Ein vil og ta del i utviklingsarbeid i Hordafor og mot eksterne partnerar saman med andre nøkkelressursar. Råvare- og logistikksjefen er ein del av ei velfungerande leiargruppe, og rapporterer til CEO Siv Østervold.

Den rette kandidaten har kommersiell bakgrunn frå oppdrett og gjerne fiskeri. Det er ein fordel å ha høgare utdanning, for eksempel som Fiskerikandidat eller liknande. For å lukkast som råvare- og logistikksjef må du kjenne aktørane i oppdrettsnæringa, ha solid forhandlingserfaring og sterke relasjonsevner. Du samarbeider godt internt og eksternt, og er ein jordnær lagspelar med høge ambisjonar for selskapet si vidare utvikling. Du vert motivert av å gjere Noreg si framtidsnæring grønare.