Nettleseren din er for gammel, og er ikke støttet.

Revisjonssjef

Om firma

Nordhordland Revisjon IKS er eit interkommunalt revisjonsselskap som er etablert for å dekke eigarkommunane sitt behov for revisjonstenester. Selskapet tek også andre oppgåver, både for eigarane og andre oppdragsgivarar med kommunal tilknyting.

Nordhordland Revisjon leverer tenester til offentlege og private kundar innan revisjon, skatterådgjeving, bedriftsrådgjeving og rekneskapsføring. Våre medarbeidarar har kompetanse på både føring og revisjon av private rekneskap. Medarbeidarane har lang erfaring og god kjennskap til offentleg forvaltning. Gjennom mange års samarbeid med kommunar, selskap og andre kundar i distriktet, har vi bygd opp god lokal kunnskap.

Selskapet har kontor i Knarvik i Lindås kommune, omlag 3 mil nord for Bergen.

Nøkkelinformasjon
Nøkkelinformasjon
Sted(er):
Knarvik
Arbeidsgiver:
Nordhordland Revisjon IKS
Frist:
Snarest
For spørsmål om stillingen, kontakt
circle overlay
Hege Solbakken
+47 911 04 141
hege.solbakken@visindi.no
circle overlay
Jon Gjerde
+47 958 44 394
jon.gjerde@visindi.no

Revisjonssjef

Nordhordland Revisjon IKS er eit interkommunalt revisjonsselskap som er etablert for å dekke eigarkommunane sitt behov for revisjonstenester. Selskapet tek også andre oppgåver, både for eigarane og andre oppdragsgivarar med kommunal tilknyting.

Nordhordland Revisjon leverer tenester til offentlege og private kundar innan revisjon, skatterådgjeving, bedriftsrådgjeving og rekneskapsføring. Våre medarbeidarar har kompetanse på både føring og revisjon av private rekneskap. Medarbeidarane har lang erfaring og god kjennskap til offentleg forvaltning. Gjennom mange års samarbeid med kommunar, selskap og andre kundar i distriktet, har vi bygd opp god lokal kunnskap.

Selskapet har kontor i Knarvik i Lindås kommune, omlag 3 mil nord for Bergen.

 

Revisjonssjefen har det faglege og administrative ansvaret for drifta av selskapet inkludert personalleiing og økonomiforvalting. Du skal leie revisjonsarbeidet i samsvar med instruks frå styret og gjeldande standardar for profesjonell revisjon. Revisjonssjefen må være statsautorisert revisor (alternativt registrert revisor).

Relevante kandidatar vil oppfylle dei fleste av punkta nedanfor:

  • Erfaring med kunderetta revisjon – innsal av revisjonsarbeid for å auke kundemassen
  • Erfaring frå kontrollfunksjon; internrevisjon eller liknande funksjonar
  • Dokumentert erfaring og resultat frå prosjektleiing innan internrevisjon / finansiell revisjon
  • Kjennskap til kommunale styringssystem (fordel men ikkje eit krav)

Aktuelle kandidatar må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og må trivst med å balansere mange oppgåver på same tid. Du må være relasjonssterk, systematisk, analytisk, initiativrik og på ein god måte navigere internt og eksternt. Ein viktig del av jobben er å presentere og kommunisere resultat og rapportar på ein konstruktiv og pedagogisk måte, munnleg og skriftleg. Som revisjonssjef vil dine leiar- og motivasjonsevner også være viktige.

Nordhordland Revisjon arbeider med kvalitet, kontroll, risikohandtering og kompetanseutvikling for eigarar og kundar. Organisasjonen tilbyr kurs for kommunesektoren og har ei interessant grenseflate mot kommunane i regionen. Du rapporterer til eit aktivt og utviklingsorientert styre, og vil jobbe i team med høgt kvalifiserte kollegaer. Nordhordland Revisjon IKS er medlem av Norges Kommunerevisorforbund og revisjonsarbeidet vert jevnleg kvalitetskontrollert av Kvalitetskontrollkomiteen i NKRF.

Revisjonssjef er også dagleg leiar i dotterselskapet Nordhordland Revisjon AS som gjer revisjon av årsrekneskap og andre revisjonsrelaterte oppdrag. Selskapet er eit godkjent autorisert rekneskapsførarselskap, og gjev profesjonell bistand innan rekneskap, løn og økonomistyring til mindre og mellomstore bedrifter. Nordhordland Revisjon har kompetanse på rekneskapsføring av private og offentlege selskap. Selskapet brukar UniMicro sitt rekneskapsprogram, og Sticos sin rekneskapsmetodikk. Nordhordland Revisjon AS er medlem i Den norske Revisorforening.

 

For meir informasjon om stillinga sjå Visindi.no, eller kontakt Visindi ved Hege Solbakken på 911 04 141, Jon Gjerde på 958 44 394. All kontakt vil bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg og overfor oppdragsgjevar i innleiande fase. Søknaden skal sendast via «stillinger» på Visindi.no snarast og seinast innan 5. august 2018. Stillinga er omfatta av Offentleglova. Søkjaren vil alltid bli kontakta på førehand dersom søkjarlista blir offentleggjort.